torsdag 20. januar 2011

Dagens dose med Beatles: "Across the universe"



Filmen har ei syltynn historie, men mange fantastiske danse- og animasjonsinnslag. Musikken er sjølvsagt god i utgangspunktet, men ikkje alle coverversjonane er like gode. Eg hadde tenkt å kjøpe filmen sjølv, men han var utseld på CDON, der eg plar handle. Eit lite spørsmål til kollegavenninne K førte til at filmen handla på pulten min innan eit minutt eller to - arbeidsmiljøet på jobben min er upåklageleg!

Eg ladar opp til musikalen på jobb, sjølv om eg ikkje har noko med den å gjere. Det har derimot lærarane på "nedre" (den tidlegare handelsskulen). I dag var eg på eit møte på nedre, og då gjekk først to musikklærarar forbi og song "Nowhere man" tostemt. Deretter kom ein annan kollega forbi og nynna "Strawberry fields". Eg blir så glad når fleire enn eg er litt småsprø og har Beatlesdilla!

3 kommentarer:

  1. Kan du skaffe meg/oss billettar til framsyninga? Elles er eg redd det blir med tanken her.
    Kika ette LSC sine bøker i dag. Skal lese dei om att , men då skal eg ha alle tre liggande klar.+ musikk.

    SvarSlett
  2. Ja, vi har tenkt å gå heile familien, på onsdagen før vinterferien (veke 8). Skal kjøpe billettar så snart dei ligg ute for sal.

    SvarSlett
  3. Eg må innrømme at eg begynte å sjå filmen i jula, men gav meg på den ...
    Det var så mange andre filmar som freista meir.

    SvarSlett