mandag 17. januar 2011

Bok 3 2011: "Kniplingenes hemmelighet" av Brunonia Barry

Vaskelappen på lydboka gav store forventningar til denne romanen om synske kvinner i Salem. Her er både hekser og religiøse grupperingar med, og historia er grei nok, men av ein eller annan grunn fenga ikkje romanen meg noko særleg. Nokre av sluttpoenga gissa eg tidleg, og til tider greidde eg ikkje å konsentrere meg om kven som hadde synsvinkelen. Det kan ha vore opplesaren som vart for monoton, men det kan òg ha med meg å gjere, så de får lese og dømme boka sjølve, viss de gidd. Eg fann den relativt uinteressant.

1 kommentar:

  1. Eg har sjølvsagt lese boka for lenge sidan, og hugsar sjølvsagt lite. Trur ikkje eg var overbegeistra, men eg kan no sjekke bloggen min.
    Om ein likar ei bok eller ikkje beror på så mykje, ikkje minst på forventningane ein har. Når forventningane er store, blir ein som regel skuffa.Og v.v.

    SvarSlett