onsdag 12. januar 2011

Noko å glede seg til

I posten i dag kom noko vi ser fram til. Ungane skal endeleg få sjå "Toy Story", og den skal dei spare til Eldstejenta skal sitje barnevakt på fredag. Resten av filmane er til meg, og eg ser spesielt fram til dei sju skumle "Nightmare on Elm Street"-filmane. "Rabbit Proof Fence" høyrde vi om på engelskkurs før jul, og "Blair Witch Project" har eg ikkje sett før, sjølv om den er godt kjend. Dei hine filmane var "bonustilbod".

Hadde eg rekna konsum av film og litteratur som "jobb" - det er trass alt ein del av jobben min å vere orientert om både filmar og bøker - kunne eg ha ført mange overtidstimar kvart år. Eg er heldig som delvis lever av å snakke om hobbyen min.

3 kommentarer:

  1. Yngstemann her levde seg slik inn i Toy story. Ein periode såg han den kvar dag medan mora var gravid og sov middag. De hugsar kanskje kor glad han var i rutete skjorter?

    SvarSlett
  2. Ja, med laserstrålar i manskjettknappane !

    SvarSlett
  3. Cowboyhatten kjem sikkert fram att når Minstemann får dilla...

    SvarSlett