tirsdag 25. januar 2011

Maskinpark i heimen

Noko av det beste som finst i livet som husmor anno 2011, er å setje i gang vaskemaskin, oppvaskmaskin og brødmaskin, og deretter la kaffimaskina brygge ein kopp kaffi så ein kan setje seg i godstolen med beina høgt og vente på lukta av nybaka brød. Eigeninnsatsen består stort sett berre av å drysse rett pulver på rett stad.

Når eg så sit her og vaskar opp/vaskar klede/bakar brød, slår tanken meg at ein absolutt burde ha fleire maskiner i huset. Ryddemaskin, til dømes, og vekkje-tenårings-maskin - for ikkje å snakke om ei brette-reine-klede-maskin, og ei sjekke-at-ungane-har-gjort-leksa-maskin. Hittil har vi klart oss med ei gammal, manuell allroundmaskin som heiter "Mamma".

1 kommentar:

  1. Du vil vel halde på mammafunksjonen. Vekkemaskin finst-vekkerklokke-men i staden for en sympatisk ringelyd, kunne ein legge inn ei skikkelig gneldrestemme med:"Står ikkje du no opp så kjeme eg og drege dyna ta deg !" Eg snakkar av erfaring.

    SvarSlett