søndag 30. januar 2011

Sleepover

Det er ei stund sidan sist eg overnatta hos Eldstejenta, men laurdag passa det veldig godt. Eg skulle på dametreff eit steinkast frå hybelen, og ho skulle på ein annan fest. Ut i "de små timer" møttest vi i gangen då vi kom att samtidig, og det vart litt småsludring på senga før vi somna. Katten Lola underheldt oss med akrobatikk før frokost, sidan ho er den mest morgonfriske av oss, og så såg vi MGP på nett-tv før eg vende nasen heim.

4 kommentarer:

  1. Dokke kunne no ha lagt ut eit ETTERbilde også. Her såg dokke uforskamma godt ut.

    SvarSlett
  2. Ha ha, det var kanskje ein idé til neste gong. Du ser kanskje at krølltanga di er i flittig bruk av EI av oss...

    SvarSlett
  3. Ja, eg fekk no aldri til slike fine krøller då eg hadde den!

    SvarSlett
  4. Så fint bilde av mor og datter!

    SvarSlett