I dag var det første delfinale i Melodi Grand Prix. I familien er vi ihuga fans av musikk-konkurransar generelt, og av MGP spesielt. Ja, kanskje ikkje alle i familien, men i alle fall Eldstejenta og eg.
Songane i kveld var stort sett skuffande. Showa blir betre for kvart år, scenen var stilig, men dei minneverdige refrenga uteblir berre. Vi heldt med dei to som gjekk vidare fordi det var dyktige songarar, men vi er ikkje akkurat begeistra. Kanskje blir det finare songar i seinare delfinalar - det er lov å håpe...
Dei to eg likte best i dag vann, men eg håper det kjem noko betre ...
SvarSlettUnderhaldningsverdien i enkelte tekstane derimot ...
Eg vart positivt overraska over at dei to søstrene vann. Men noko "hit" blir nok songen ikkje.
SvarSlett