søndag 16. januar 2011

Laurdag med Lola

Etter ein noko sein frukost kasta eg meg over rydding, husvask, klesvask og andre nødvendige husmorgjerningar. Eldstejenta og eg gjekk oss ein tur på glattisen, deretter laga ho middag medan eg henta Storegut hos ein kompis. Vi kosa oss med lasagne, såg MGP og etterpå har dei to store og eg kosa oss med "Nightmare on Elm Street" - dei to første filmane.

Katten Lola er eit hyggeleg supplement til flokken. Ho er interessert i alle syslane i heimen, bortsett frå støvsuging, og ho leikar løve som jaktar på kaninen Madeleine (som berre trampar litt og skremmer vekk katteløva). Legoen til Minstemann er spennande katteleiker. Skrekkfilm har ho ikkje særleg sans for, men ho ligg trygt på fanget til Storegut. Om natta søv ho saman med Veslejenta, som hadde to andre grå kattar som "dyne" då ho låg i bagvogn som baby.

1 kommentar:

  1. Når eg ser dette bildet av Lola-kjem det eit namn til meg: KLEOPATRA.
    Veit ikkje om ho hadde skråstilte grøne auge (i alle fall ikkje i Elizabeth Taylors skikkelse)- men det kan godt hende. Flott dame Lola! Kanskje det er henne Barry syng om?

    SvarSlett