mandag 3. januar 2011

Striskjorte og havrelefse

Så var ferien over. Mange ryddar jula ut allereie, verkar det som, men eg har valt å ha pynten ståande nokre dagar til. Kvardagen begynte med planleggingsdag på jobb, deretter nokre timar med førebuing av dei komande dagane. Det blir ein hektisk vinter med mellom anna 29 fordjupingsemne som skal gjerast ferdige, det skal lesast romanar og skrivast stilar - mange ballar vert kasta i lufta, og ein stakkars lærar får nok å gjere med å sjonglere dei rundt omkring.

Etter jobb trassa eg den irriterande forkjølinga eg har plagast med siste dagane og tok meg ein tur på TREN. Det vart ikkje mykje jogging, men desto meir rask gange (dei som har prøvd å gå tur saman med meg, veit at eg går fort når eg vil). Deilig å få sveitte og trene litt, sjølv om eg i motsetnad til dei fleste ikkje slit med uønska vektauke etter jula, og sjølv om forma var så som så. No har eg bunkra papirlommetørkle med balsam og halsdrops, drukke store mengder te og trøstespist sjokolade for å samle krefter til ein heil dag på jobb i morgon, før eg igjen får ein fridag...

3 kommentarer:

  1. Eg vakna med sår hals etc.etc. men det var falsk alarm denne gongen også.Sjå inn på innvandrerbutikken og dei har ingefær-te, det hjelper. Eller lindrar i alle fall.

    SvarSlett
  2. Eg tykte det var godt å kome igong, sjå bloggen min! Har enda ikkje begynt på Knausgård 4, må vel snart levere den tilbake. Har nesten ikkje lese i jula, held på med Langeland si siste, men nokre sider om kvelden er for lite til at det blir driv over det.

    SvarSlett
  3. Eg har karamell-te. Det er i alle fall godt.

    SvarSlett