tirsdag 11. januar 2011

Er det underlig man lengter bort iblant?

Det er mørkt, kaldt, glatt, vått - og av og til snør det. I ei ledig stund i dag såg eg gjennom nokre nettsider med Sydenturar for store og små. Eg kunne så gjerne ha tenkt meg å ta med gjengen eit par veker til garantert sol og varme i sommarferien. Det kjennest som om frosten sit i kroppen frå i fjor vinter, som ein tundra, og eit par veker med total avslapping ved bassengkanten kunne kanskje ha tina opp ei frostig sjel? Det er lov (og gratis) å drøyme seg vekk, i alle fall, og så finst det alltids ei trøyst i at vårsola snart blenkjer i bakkane så vi får hug til vår heimlege strand. Det går mot lysare tider.

3 kommentarer:

  1. Ein tur til Syden gjer godt for kropp og sjel, ikkje tvil om det. Audny m. fam. skal reise i vinterferien. Eg har begynt å trene på hotellet her. Dei har blant anna eit basseng med 34 grader i vatnet. ikkje dumt det heller.

    SvarSlett
  2. Eg skal til London i vinterferien, så eg kan no begynne å drøyme og kanskje førebu meg ...

    SvarSlett
  3. Kvar gong eg lengtar mot sør, skrur eg tankane over på kor eg svetta og fekk soleksem sist eg var i syden(2001) og kor forferdelig ,grusomt det er å reise med fly osb.( Det er eit namn på dette i psykologien, men det har eg gløymt. ) Ikkje har eg pass heller, dessutan blir eg så stygg på passbilda. Men eigentlig kunne eg tenkt meg litt sol og varme.

    SvarSlett