torsdag 6. januar 2011

Tjuandedagsknut jagar jula ut - eller var det sjuandedagsknut?

Frå første januar har det vore ein jamn straum av statusoppdateringar på facebook som handlar om at ein endeleg har rydda ut jula. ENDELEG? Etter gammal skikk skal jula vare lenger, og "siste frist" for å rydde den ut er framleis tjuande dag jul, altså 13. januar. No verkar det som om fleire begynner tidlegare på jula enn før, gjerne i oktober, og då er dei tydelegvis lei av den når nyttårsfeiringa er overstått. Eg greier ikkje å bli einig med meg sjølv om kva mitt standpunkt i saka skal vere. Vanlegvis har eg pynta med lilla til advent og venta med julepynten til etter fjerde søndag i advent. I 2011 skal eg droppe lilla, det bestemte eg meg for i desember. Vi er altfor lite i heimen i desember til å nyte to sett julepynting. Og så får vi sjå kva tid vi skal rydde vekk nissar og englar. Eg var fast bestemt på å la denne jula vare til tjuandedag, men eg innrømmer glatt at eg blir påverka av facebook, og at pynten truleg forsvinn til helga. Problemet då er at det vert så tomt i hyllene og vinduskarmane...

5 kommentarer:

  1. Eg kjem til å begynne denne helga, men erfaringa tilseier at det alltid vil vere noko pynt som snik seg unna. Ein vert gåande og plukke litt til.

    SvarSlett
  2. Eg har plukka vekk adventskalenderen. Når ein først har begynt, kan det fort ta av.

    SvarSlett
  3. Eg var åleine f.m. og då vart freistinga for stor, for det tek si tid om ein ikkje har pynta så mykje. Gardinene heng att for før eg fekk begynt på dei, kom fiskaren heim.

    SvarSlett
  4. Det var tjuandedag Knut, las eg i dag. Då var det definitivt, med sopelime og det heile...

    SvarSlett
  5. Enig med Elin der. Så dei som ikkje har jaga ut jula enno, har nokre dagar att til fristen.

    SvarSlett