søndag 16. januar 2011

Søndag med slekta




I dag har vi vore i selskap hos Systa på Hareid, noko de kan lese meir om på bloggen hennar. Ungane styrte med ulike syslar som brettspel, data og TV, medan Minstemann fann den kassa med Harry Potter-lego han hugsar frå førre besøk. Som vanleg vart det nydeleg mat og hyggeleg prat - tanken slo meg på heimveg at kanskje ikkje alle diskuterer kommareglar i familieselskap, men slik blir det når dei fleste vaksne i familien er/har vore norsklærarar...

4 kommentarer:

  1. Ja, det kan no hende somme ville finne oss VEL sære. Forøvrig sat Solveig og eg og kosa oss på JULAFTA med ei Quiz-bok med rettskrivings-og andre spåkspørsmål, deriblant latinske sitat. Ganske nerdete, vil somme meine. Men alt er no betre enn å krangle, og det gjer vi no veldig sjelden.(Det måtte i så fall vere om ein kommaregel.)

    SvarSlett
  2. Nei, kranglar gjer vi ikkje, vi diskuterer!

    SvarSlett
  3. Er det noko nytt på kommafronten, så kom igjen, la oss få vite!

    SvarSlett
  4. Eg trur konklusjonen vart at reglane ikkje er så bastante, men at ein med litt språkkjensle merkar kvar det er naturleg å "puste" i ei setning. Ikkje så vitskapleg, kanskje, men like fullt ein konklusjon.

    SvarSlett