lørdag 8. januar 2011

"Macca" på TV fredag kveld

Fredag kveld såg eg konsertopptaket frå New York der Paul McCartney, snart 70, imponerte med stor stemme og forrykande sceneshow. Eg er inne i ein Beatlesperiode etter lesing av Lars Saabye Christensen, og Paul har alltid vore min favoritt. Eg greier ikkje å plukke ut nokon favorittsong, men fekk "I'm Down" på hjernen etter konserten fredag. Dei hadde blanda konsertopptak med gamle opptak av The Beatles som aldeles ikkje såg særleg "down" ut.

4 kommentarer:

  1. Eg har vore Beatles-fan heilt sidan Solveig og Rasmus spleisa på to doble Beatles album (her er muligheit for feil i hukommelsen) som eg spela på nesten alle "fridagar" når eg vaska og støvsuga i heimen. Enig med deg når det gjeld Paul, men John Lennon sine låtar har eg mindre sans for.

    SvarSlett
  2. Jau, vi spleisa.Programmet gjekk eg glipp av, men det kjem kanskje i reprise, viss ikkje,får vi nøye oss med nettet.

    SvarSlett
  3. John lennon har mange fine songar han òg, spesielt "Woman", "Beautiful Boy", "Out the blue", "Grow old along with me" og "Happy x-mas, war is over". Men Paul har noko evigungt ved seg som er utruleg sjarmerande, og så nydeleg stemme, så han er og blir min favoritt. Eg hugsar dei dobbeltalbuma - eg lærte mykje engelsk ved å lese gjennom songtekstane på innercovera...

    SvarSlett
  4. Eg er berre så lei av Yesterday for ikkje å snakke om Imagine!( Med forbehold om feil av staving og innhald)

    SvarSlett