mandag 3. januar 2011

Bok 1 2011: "Min kamp 4" av Karl Ove Knausgård

Mitt første fullførte leseprosjekt i det nye året vart nummer 4 i serien om ein manns liv. I detalj får vi presentert små og store hendingar i livet til Karl Ove Knausgård, og denne gongen handlar det mest om perioden 1987 - 88. Tematikken er nokså einspora; det handlar mest om alkohol og sex. Det interessante ligg etter mitt syn mykje i den spenninga som finst mellom farens gryande alkoholisme og hans eige aukande alkoholforbruk. Ein møter òg ein gryande forfattar som reiser til Nord-Noreg for å arbeide som lærar og legge opp pengar til komande prosjekt, samtidig som han prøver å skrive noko som kan bli publisert.

Ein irriterer seg meir over denne Knausgård enn den ein møtte særleg i bok 1 og 3, men ein kjenner seg òg att ungdomens sjølvsentrering. Eg har ikkje gått lei enno.

4 kommentarer:

  1. Når eg ikkje likte så godt nr.4 og 5 trur eg det kjem mest av at eg ikkje likte så godt den personen Karl Ove utvikla seg til å bli i desse åra. Ein kan undrast over at han greier å utlevere seg sjølv som ein slik nærmast usympatisk person.Og eg undrar meg i alle bøkene over at mora, som han har så god kontakt med, ikkje har meir "sryring" på han.

    SvarSlett
  2. Eg las ein stad at han var blitt lei av seg sjølv, og det skjønar eg godt. Uansett hugsar han veldig godt!

    SvarSlett
  3. Eg har begynt på den første no!

    SvarSlett
  4. Velkomen etter, Solveig! Er spent på om du blir like begeistra som "Besta" og meg!

    SvarSlett