lørdag 1. januar 2011

Nyttårsaftan 2010



Etter fleire nydelege, stjerneklåre kveldar i romjula slo nyttårsaftan inn med regn og vind. Dette sette ein liten dempar på feiringa, men elles kosa vi oss med brettspel, spel og lydbok (gjett kven) etter ein aldeles nydeleg kalkunmiddag. Vi har funne ut at det passar betre å kjøpe ferdige stykke av kalkun enn å steike ein heil fugl, og denne gongen konkluderte vi med at den ferdigmarinerte fileten smaka best.

Dei to yngste gjekk nyttårsbukk saman med ei venninne av Veslejenta, og ved midnatt reiste vi innover i bygda og skaut opp rakettar saman med andre bygdefolk. Det vart ei fredeleg og triveleg feiring, og eg håpar det er slik 2011 vil bli òg; triveleg og fredeleg (om enn helst utan så mykje regn og vind).

Eg vil med dette ønskje alle blogglesarar eit godt nytt år!

5 kommentarer:

  1. Godt nytt år til deg og familien og!

    SvarSlett
  2. Gratulerer med ny kjole! Ikkje vanskelig for deg å finne fine klede! Elles set eg pris på å sjå att klede eg har strikka i mi velmaktstid. Forstår ikkje at eg har hatt tid å strikke så mykje då eg hadde jobben å stri med. Trur mykje kom til framfor TV-apparatet.Godt nyttår til dokke alle.

    SvarSlett
  3. Kjolen var julegåve frå deg, "Besta" - innkjøpt då Eldstejenta stakk av med "den lille lilla" på Vardefesten...

    SvarSlett
  4. Godt nytt år!
    Eg er enig i at den marinerte kalkunen er god. Eg gjekk laus på kalkunen 6. juledag med sag. Det vart ein halv steikt ....

    SvarSlett