lørdag 22. januar 2011

Vinklubb i januar


Fredag var det igjen på tide med ei samling av vindamene i bygda. Vi vart tolv til bords denne gongen, og på menyen stod kyllingsuppe og italienske vinar (ein kvit og to raude). Alt smaka nydeleg, og praten gjekk som vanleg høglydt om laust og fast til ut på natta ein gong. Neste gong er det min tur å vere vertinne, og eg lurer allereie på kva tema og mat skal vere. Forslag?

5 kommentarer:

  1. Nei, der må eg melde pass, gitt... Einaste forslag må vere Audny si minestronesuppe, enkel og god, med pesto og parmesan.

    SvarSlett
  2. Med tema, meiner du då land eller distriket eller.......Italia er vel oppbrukt? Kva med Chile? Og Åndenes hus. Du som likar å skremme folk, kan vel få inn nokre bankelydar om ikkje anna.

    SvarSlett
  3. ØL!
    Nei, då, men sjekk oksegryta på bloggen min etter Gunda si oppskrift. Kraftig smak på krafta, noko som sikkert høver godt til vin.

    SvarSlett
  4. Eg tende litt på den idéen om chile, eller i alle fall Sør-Amerika. Den oksegryta ser god ut - kanskje eg skal "spice" den opp litt og kalle den "chilensk gryte"?

    SvarSlett
  5. Ut med timian og inn med chili?

    SvarSlett